Notater |
Ola Halvorson Ovavoll født 1634 skifte etter død 1704 g 1. g m Guro Sandersdtr. Røo, skifte etter død. 18/11 1680, g 2. g m Birgit Ivarsdtr. nedre Sindrol, g 3. g m Ragnhild Gudbrandsdtr. Ved manntalet 1664 var Ola 30 år, førd opp som eigar av heile Ovavoll, 22 løbbol. På Bråset, ein rudningsplass til garden, sat Børge Asgautson.
Ved skiftet etter 1. kona til Ola, 18/11 1680 (Ola hadde då vorte gift oppatt), åtte buet: 1 hest 5 kyr, 5 kviger, 3 kalvar, 10 vaksne sauer og 10 lam og 2 geitebukkar, lausøyre for 99 rdlr., gjeld 85 rdlr. Av fastegodset høyrde 14 løbbol til buet.
Sissel Ørjansdtr., dtr. til Ørjans Vebjørnson Ovavoll (sjå utflytte), stemnde 9/9 1693 på eigne vegne og på vegne av syskina Ola Halvorson Ovavoll og påstod at dei hadde odelsretten til Ovavoll etter foreldra. Men Ola la fram mel.a. skøytet frå Ørjans Vebjørnson og mor hans frå 16/1 1673, og retten tilkjende han garden til odel og eige. 28/6 1698 var Ola ute for ei ny arvesak, denne gongen av etterkomarane til Narve Torjusson Ovavoll (utflytt) om dei 5 løbbola som er omtala under Halvor Olson Ovavoll, far til Ola Halvorson (ovanfor). Lars Lauviken i Nes sokn stemnde Ola på vegne av vermor si, Helga Narvesdtr. (utflytte nedunder), for 5 løbbol med åsetesrett i Ovavoll, som ho sa seg å ha arva som dtr. av Narve Torjusson Ovavoll. Håkon Embretson Li frå Gol møtte også, og sa at mor hans, Barbro Narvesdtr. (syster til Helga) også hadde rett til ein systerlut i desse 5 løbbola i Ovavoll. Ola Halvorson la då fram ei rekkje heimelsbrev, mel.a. eit frå Torjus Narveson, bror til Helga og Barbro, frå 14/5 1652 til Vebjørn Ovavoll på 5 løbbol i Ovavoll for 15 rdlr. pantepengar. Dei andre kravde framlagt skiftebrevet etter Guro Ovavoll (truleg Guro Sandersdtr. Røo-Ovavoll frå 18/11 1680, ovanfor). Ola svara at Knut Tveito var av eldste brorgrein, - dei måtte søkje skiftebrevet hjå han. Pål Halvorson Li frå Nes vitna at han for to år sidan var på Ovavoll då las ein Johannes (sikkert Johannes Larson nordre Larsgard, f ca. 1650, ein av dei nærmaste grannene til Ovavoll) opp eit skiftebrev og nokre andre brev, men om det var skiftebrevet etter Guro Ovavoll, visste han ikkje. Domen 7I1 1699 gjekk ut på at Ola Halvorson skulle ha dei påstemnde 5 løbbola.
Ola gjorde 14/1 1698 kontrakt med eldste son sin, Halvor, at han skulle få bruke halve garden med han. Det hadde vorte strid mellom Ola og Ola Torbjørnson søre Sletto om nokre stølar som dei hadde arva etter fedrrane sine (dei var syskinborn). Forlik 19/6 1702 gjekk ut på at Ola Ovavoll skulle ha to stølar, Haugelistølen og Storestølen (i Strandalien), og Ola Torbjørnson skulle ha Indsetstølen (truleg det same som Urundstølen). Ved skiftet etter Ola Halvorson 5/9 1704 åtte buet: 22 løbbol i Ovavoll, 2 løbbol i Granmyr (skylde gods), 3 løbbol som dei eldste borna hadde fått av morbroren Guttorm Larsgard; krøter: 10 kyr,, 1 ukse og 3 kalvar, 20 sauer og 5 geiter og 3 killingar. Mel. gjeld var det 37 rdlr. som Ola hadde teke vare på for borna av 1. ekteskap, - arv etter morfaren Sander Røo. D Dei 2 løbbol skyldegods i Granmyr (Grønmyr, Grymyr) som her er nemnde, var dei 2 løbbola som Guro Sandersdtr. Røo arva i Grymyr i Gran på Hadeland, på skiftet etter far sin, Sander Sanderson II Røo, 16/10 1702, som då med Guro kom til Ovavoll. Sander Sanderson II hadde kjøpt Gry myr på Hadeland 24/10 1670 av Hermann Olson Halingstad-Nedrejorde (f 1634). Sjå om Grymyr under Nedrejorde, Halingstad og søre Skøro (Sveingard).
Sonen, Halvor, hadde frå 1698 hatt halve garden i bruk, og heldt fram med det. 3. kona til Ola Halvorson og dei yngre borna brukte hin halvparten så lenge.
|